Dei to neste vekene skal mange ha haustferie, og for somme har han allereie starta. Hausten kjem med flotte fargar og skarp, klar luft. Då er det deilig å vere ute. Her kjem nokre tips til utvalde stader du kan kombinere haustferie og ei vandring langs pilegrimsleia mellom Oslo og Trondheim.
Monthly Archives: september 2015
Den første pilegrimsvandringa i eige land
Han har vandra i langs pilegrimsleia i Spania, og ho er glad i å gå i den norske fjellheimen. Når det unge venneparet i sommar planla ein aktiv ferie, fall valet på ei veke langs Gudbrandsdalsleia. Les om korleis dei opplevde å vere pilegrimar i eige land, og om tipsa dei har til andre som vil ut å gå langs leia.