Dei to neste vekene skal mange ha haustferien, og for somme har han allereie starta. Hausten kjem med flotte fargar og skarp, klar luft. Då er det deilig å vere ute. Her kjem nokre tips til utvalde stader du kan kombinere haustferie og ei vandring langs pilegrimsleia mellom Oslo og Trondheim.
- Over Gjelleråsen 4/11 km: Frå Stovner får du ein fin tur på kring fire kilometer over Gjelleråsen mot Hellerudsletta. Forleng gjerne turen videre til Leirsund (ca. 11 km totalt) for å få med deg Skedsmo kirke og ei behageleg vandring over Farseggen.
- Bærumsmarka – Sundvollen 24 km: Langs pilegrimsleia gjennom Krokskogen følger du store deler av vegen Den bergenske kongevegen frå Lommedalen, via Kleivstua og fram til Sundvollen. Strekningen byr på Olavskjelder, helleristningar og storslått utsikt.
- Granavollen – Tingelstad 3,5 km: Ei kort, men historiefull og vakker vandring i eit lett kupert landbrukslandskap. Høgdepunkta er dei særmerkte Søsterkirkene på Granavollen, Steinhuset og Tingelstad gamle kyrkje. Frå Tingelstad det fire fine kilometer ned til Brandbu.
- Tangen – Hamar 29 km: Du går gjennom tett og fredfull barskog før landskapet opnar seg mot Stange og Hamar. Verdt å nemne på denne strekningen er Stange kirke, Atlungstad brenneri og domkyrkjeruinen på Domkirkeodden, del av mellomalderbyen Hamar.
- Harpefoss – Vinstra ca. 11 km: Frå garden Sygard Grytting på Harpefoss går det bratt opp mot den gamle husmannsplassen Skar. Her oppe i dalsida, like under fjellknausane, er det spektakulær utsikt over Gudbrandsdalen og Lågen nedanfor.
Les også:
Turforslag: ei veke langs pilegrimsleia
Kva sko skal eg gå med?
For fullstendig oversikt over pilegrimsleia mellom Oslo og Trondheim, og inspirasjon til fleire turmoglegheiter, sjå boka «Pilegrimsleden – en praktisk guide til vandringen». Ho kan du kjøpe her.
Har du andre favorittstrekningar langs pilegrimsleia? Del gjerne det i ein kommentar på sida her.